Her ruller det første italienske flyet, AL-1, ut av fabrikken i Italia.
Her ruller det første italienske flyet, AL-1, ut av fabrikken i Italia. Foto: Lockheed Martin

Medan dei norske flya vert sett saman i USA, så skal Italia og Nederland sette saman flya sine i ein fabrikk som er sett opp ved den italienske flybasen Cameri utanfor Milano. I går rulla første F-35 ut frå denne fabrikken, og med det har og Italia fått sitt første fly, kjend som AL-1. Flyet manglar her enda «coatinga», og det grønne komposittskroget er godt synleg. Klikk «mer» for å sjå fleire bilete.

Flyet før det vart rulla ut. På biletet ser me at det er utstyrt med ei maskinkanon som er bygd inn over venstre luftinntak (bulk med ei grå plate i forkant), noko som syner at dette flyet er ein A-modell, slik som dei norske. Italia er til no einaste partnaren som skal kjøpe to modellar av F-35, og planlegg til saman 90 fly, 60 A-modellar, og 30 B-modellar.
Flyet før det vart rulla ut. På biletet ser me at det er utstyrt med ei maskinkanon som er bygd inn over venstre luftinntak (bulk med ei grå plate i forkant), noko som syner at dette flyet er ein A-modell, slik som dei norske. Italia er til no einaste partnaren som skal kjøpe to modellar av F-35, og planlegg til saman 90 fly, 60 A-modellar, og 30 B-modellar Foto: Lockheed Martin
Fabrikken er kjend som ein «FACO» – Final Assembly and Check Out – der komponentar og seksjonar kjem til Italia frå Noreg og andre produsentar rundt om i verda, og vert sett saman. I tillegg til å bygge dei italienske og nederlandske flya skal denne fabrikken frå 2018 drive skrogvedlikehald av alle F-35 i Europa, inkludert dei norske. Foto: Lockheed Martin <div class=
Fabrikken er kjend som ein «FACO» – Final Assembly and Check Out – der ein set saman komponentar og seksjonar som kjem til Italia frå Noreg og andre produsentar rundt om i verda. I tillegg til å bygge dei italienske og nederlandske flya skal denne fabrikken frå 2018 drive skrogvedlikehald av alle F-35 i Europa, inkludert dei norske. Foto: Lockheed Martin
Her ser me godt dei vertikale halerora, der både forkanten («leading edge») og sjølve rorflata («rudder») er laga i Noreg av Kongsberg. Logoen på ryggen til arbeidaren tilhøyrer det italienske selskapet Alenia Aermacchi som driv fabrikken saman med Lockheed Martin. Flyet skal no inn i ein «malehall» der coatinga skal leggast på. Foto: Lockheed Martin.
Her ser me godt dei vertikale halerora, der både forkanten («leading edge») og sjølve rorflata («rudder») er laga i Noreg av Kongsberg. Logoen på ryggen til arbeidaren tilhøyrer det italienske selskapet Alenia Aermacchi som driv fabrikken saman med Lockheed Martin. Flyet skal no inn i ein «malehall» der coatinga skal leggast på. Foto: Lockheed Martin.