Forsvaret markerer 75/70 – det er i år 75 år sidan invasjonen av Noreg i 1940, og 75 år sidan frigjeringa i 1945. Få andre hendingar har påverka det norske samfunnet meir enn dei fem åra me var del av ei av dei største katastrofane i verdshistoria. Ikkje minst gjeld dette verdien av dei fridomane me har, og kva rolle me har i verda. Me kan ikkje ta desse fridomane for gitt, og me kan heller ikkje tru at me ikkje vert påverka av hendingane i verda rundt oss. Dette er ein viktig del av motivasjonen for oss i Kampflyprogrammet – me vil gjere vårt for at Forsvaret i framtida skal ha det dei treng for å kunne gjere den jobben politikarne set dei til.

Les meir om korleis Forsvarsdepartementet og Forsvaret markerer 9. april her og her.