F-35 skal ikkje berre utstyrast med ei rekke presisjonsstyrte våpen og missiler, mellom anna norske Joint Strike Missile. A-modellen, som me får våre to første av i år, har og ei innebygd 25 mm maskinkanon som kan nyttast mot både luft- og bakkemål. I videoen over kan du sjå ein bakketest med testflyet AF-2 (som er eit fullt ut funksjonelt testfly med over 1000 flytimar bak seg) skyte ei kontinuerlig byge med til saman 181 skot i ein test på Edwards Air Force Base fredag i sist veke (14. august.) Dette var ein test for å sjå kanona takla dette, men oftast vil flygaren i staden skyte kortere byger for å spare på ammunisjonen.

I videoen ser du og eit døme på korleis F-35 er bygd for å tryggje lavsignatur. Kanona er dekka av ei lita luke når den ikkje skal nyttast. Så snart flygaren aktiverer avtrekkaren sprett luka opp, og kanona er klar.

Trykk «mer» for meir informasjon om kanona i F-35!  

Kanona som står i F-35 er laga av General Dynamics og er kjend som GAU-22/A. Den nyttar 25 mm ammunisjon i staden for 20 mm ammunisjonen som er i F-16. Sjølv om dette ikkje høyres ut som ei stor endring har det mykje å sei for effekten i målet. Kanona fungerer som ei gatling-kanon. Det vil sei at den har fleire løp som roterer og som skyt eitt skot for kvar rotasjon.

GAU-22/A - F-35 kan bære inntil 182 skudd til kanonen. Foto: General Dynamics.
GAU-22/A. Foto: General Dynamics.

For å få mest mogeleg ut av dei opp til 182 granatane F-35 kan ha med seg har Noreg utvikla ein heilt ny type 25 mm ammunisjon. På oppdrag frå Forsvaret har Nammo utvikla ein granat som har effekt mot alle typar mål, både på bakken og i lufta. Kjend som APEX (Armour Piercing, Explosive) vert denne no integrert i flyet, og vil vere klar når F-35 er ferdig med utviklingsfasen i 2017. Under ser du eit bilete fra ein APEX-test.

Foto: Nammo
Foto: Nammo