Første fly og første flyger (bilete frå Lockheed Martin og Torgeir Haugaard i Forsvaret)
Første fly og første flyger (bilete frå Lockheed Martin og Torgeir Haugaard i Forsvaret)

Sist veke var utan tvil den mest spanande eg har opplevd gjennom heile tida mi i Kampflyprogrammet. Det heile byrja med ein mediedag i Fort Worth mandag 21. september, der me på eit par timar la til rette for meir enn 40 intervju for norske og internasjonale medier om F-35. Dei fekk intervjue både Lockheed Martin, norsk industri, og leiarar i departementet og Forsvaret her heime. Resultatet vart brei dekning i norske medier, med både kritiske og positive vinklingar slik det skal vere.

Her snakkar programdirektør og generalmajor Morten Klever med VG dagen før utrullinga. (Mitt foto)
Her snakkar programdirektør og generalmajor Morten Klever med VG dagen før utrullinga. (Mitt foto)

Deretter kom tirsdagen der åtte norske medier, inkludert NRK, TV2, VG og Aftenposten sendte direkte frå avdukinga av første norske F-35. Dette var første gang ein slik seremoni vart overført direkte på nett, og det vart ei flott markering med norsk innhald i ei amerikansk ramme. Om du ikkje fekk sett seremonien direkte kan du framleis sjå han på YouTube (og eg har lagt den til under her.)

Til slutt kom ein annan viktig milepæl då me endeleg kunne stadfeste at min gode ven og kollega og trufast bloggar her på Kampflybloggen kaptein Morten Hanche vert Noregs første F-35-flygar. Han byrja utdanninga si dagen før me rulla ut første fly frå fabrikken, og vil vere første nordmann som set seg bak spakane i F-35. Me gratulerer, og håpar at han framleis finn tid til å skrive litt her på bloggen om korleis han opplever å få jobbe med F-35. Her kan du sjå eit kort intervju han gjorde med Forsvarets mediesenter dagen det vart stadfesta.

Sjølv om utrullinga no er forbi så har me framleis fleire andre viktige milepælar framfor oss i 2015 som me vil fortelle om både på www.kampfly.no, på Twitter og her på bloggen. Mellom dei er:

  • Første flyging av dei første norske flya: Lockheed Martin skal i oktober byrje testane av AM-1 og AM-2 for å stadfeste at dei virkar som dei skal før dei formelt vert norske. Me vil dele både video og bilete når dei er klare.
  • Første flyging for Morten Hanche: når dette skjer kjem an på framgangen i treninga hans og når det vil være fly tilgjengelege, men me skal sørge for bilete og video og høve til intervju for interesserte medier her heime.
  • Første norske fly til Luke Air Force Base – dei norske flya skal vere del av eit internasjonalt treningssenter på denne basen, og vil flyttast til denne basen innan utgangen av året. Me vil følge med og sjølvsagt dele denne hendinga med dykk her heime.

Meir om dette kjem etter kvart – har du spørsmål kan du som alltid stille dei til oss på Twitter!