Alle F-35-flygarar får sin eigen skreddersydde F-35-hjelm, og sist veke var turen komen til Morten «Dolby» Hanche, vår første F-35-flygar. Bildet øverst i innlegget er fra kommunikasjonsavdelinga på Luke Air Force Base, som er basen der norske F-35-flygere vert utdanna. Hjelmen Morten prøver her er ein av dei nye hjelmane av tredje generasjon for F-35, og han er den første flygaren på Luke som får ein av desse.

På bildet ser du arbeidet med å gjere dei siste tilpasningane av visiret, maska og displaysystema i hjelmen. Sjølve hjelmen er allereie «støypt» for å passe hovudet hans. Grunnen til at dette vert gjort så grundig er at alle systema i hjelmen skal være perfekt tilpassa augene til Morten for at han skal få akkurat den informasjonen han treng.

Les nettsaka frå Luke Air Force Base om Morten og tilpassinga av hjelmen her!

Morten har skreve om F-35-hjelmen her på bloggen tidlegare, og han sende snart heim eit nytt innlegg der han vil sei meir om prosessen bak tilpassinga – og ikkje minst, treninga so longt på F-35.