Spørsmålet er ikkje om F-35 vil sprekke, men når, og kvar i flykroppen sprekkene kjem. Det skal testinga prøve å gje svar på. Foto: Lockheed Martin
Spørsmålet er ikkje om F-35 vil sprekke, men når, og kvar i flykroppen sprekkene kjem. Det skal testinga prøve å svare på. Her vert ein C-modell testa i riggen til Lockheed Martin. Foto: Lockheed Martin

Når me investerer så mykje i nye kampfly så vil me og vere sikre på at flya kan nyttast i dei 30 åra me planlegg å drifte dei. 30 år med drift er det same som rundt 8000 flytimar. Det var meininga at F-16 og skulle vare så lenge, men der måtte me tidleg byrje med oppdateringar då ein fann svake punkter i skroget som måtte fiksast. Dette vil me og dei andre kjøparane gjerne unngå med F-35, og difor vert flyet utsett for eit svært omfattande program med «durability testing.» Målet med denne testinga er å sjå når det kjem sprekker i flyet, ikkje om. Alle fly vil utvikle sprekker før eller seinare, det gjeld og F-35 – men me vil gjerne vete når det skjer, og kvar det skjer, og om me kan gjere noko for å utsette det.

I biletet øvst i innlegget ser du korleis «durability testing» skjer. Eit fly vert sett i ein test-rigg og vert pressa, rista og trykka på ein måte som simulerer dei påkjenningane det vil vere utsett for i lufta. Med jamne mellomrom vert flyet inspisert for å sjå om om det er teikn på sprekker, og når flyet passerer 8000 timar vert det plukka heilt frå kvarandre for å inspisere kvar del for seg. Etter det vert det sett saman igjen, og så byrjar ein med nye 8000 timar testing for å sjå kor mykje meir det kan tåle.

For den modellen me skal ha, F-35A, så er ein no ferdig med to heile livsløp, dvs. flyet er testa to ganger så lenge som det er meint å leve, og ein er no i gong med å plukke flyet som vart nytta i testinga frå kvarandre for andre gong. Til no har testinga av F-35A funne eit titalls svake punkter. Dei meir alvorlege er retta opp, medan dei mindre vert følgd med på i vedlikehaldet. Mellom anna stadfesta testinga allereie i 2011 at det var eit svakt punkt i framre del av vengene, noko som vart retta opp lenge før bygginga av dei norske flya byrja. Det siste svake punktet som er funne var ikkje i A-modellen, men i C-modellen som skal nyttast på dei amerikanske hangarskipa. Her fann ein ei sprekk i vingerota på flyet etter 13 731 timar med testing, noko som tilsvarar nesten 7000 flytimar, eller rundt 20 år med drift. Her vil ein no gjere ei endring i designet av C-modellen for å vere sikre på at dette ikkje vert eit problem i framtida. Då vengene på C-modellen er annleis enn på A-modellen så påverkar ikkje dette dei norske flya, men det er eit døme på kor grundig denne testinga er.

Kan me garantere at norske F-35 no ikkje vil få sprekker gjennom dei 30 åra me skal ha dei? Nei, det kan me ikkje, men me håpar at me har plukka ut dei verste punkta, og at me får mykje mindre problem med dette i dei nye flya enn i F-16.