Luke AFB
Luke Air Force Base sett frå tårnet på basen. I dag er det ein kobinasjon av F-16 og F-35 på basen, medan den i framtida vil vere ein av dei største F-35-basane i verda med 144 fly.

Phoenix, Arizona – staden der dei sende ut ekstremvarsel når temperaturen dett ned mot 0 grader  (om sommaren ligg han godt over 40), og tre meter høge kaktusar veks vilt langs vegkanten. Her ligg Luke Air Force Base, basen der alle brukarane av F-35A i partnerskapet skal trene i åra framover, og kor dei to første norske flya no er ein del av flåten av fly som skal nyttast til å trene flygarar for partnerlanda. Denne veka var eg så heldig å få vere med når den første norske flygaren sette seg i eit norsk fly og tok av frå basen, og med det er Luftforsvaret i gang med nesten 40 år med F-35-drift. Norge er no F-35-operatørar, og med det har me ikkje lenger 57 kampfly, me har 59!

Du kan sjå fleire bilete frå den første flyginga på Flickr-kontoen til Luke. Og under kan du sjå ein video dei laga frå hendinga.

 

På Luke skal me ikkje berre trene flygarar – her er det og teknikarar og til og med ein flylege som skal sørge for at me lærer så mykje me kan av treninga her dei neste to åra før dei første norske flya landar på Ørland i 2017. Me skal lære korleis me kan drifte dei så effektivt som råd er, og korleis me skal sikre at flygarane er førebudd på å drifte F-35 under norske forhold.

Her klatrer Morten Hanche opp i cockpit på et norsk F-35 for aller første gang.
Her klatrer Morten Hanche opp i cockpit på et norsk F-35 for aller første gang.
Dei norske på Luke er del av 62. skvadron, kjend som "Spike." Skvadronsmerket er eit av to designa av Walt Disney.
Dei norske på Luke er del av 62. skvadron, kjend som «Spike.» Skvadronsmerket er eit av to designa av Walt Disney.
Dei norske mediene som besøkte basen fekk ei innføring i F-35-hjelmen.
Dei norske mediene som besøkte basen fekk ei innføring i F-35-hjelmen som er eit av dei viktigaste instrumenta for flygaren, og som både gjev han informasjon og som kan nyttast til å leie våpen mot mål i lufta og på bakken.