I ein ny rapport samanliknar 31 flygarar luftkamp i F-35 med eldre fly. Samla meiner dei F-35 har store fordelar. Her er det tredje nroske flyet på Luke AFB i juli 2016. Foto: USAF
I ein ny rapport samanliknar 31 flygarar luftkamp i F-35 med eldre fly. Samla meiner dei F-35 har store fordelar. Her er det tredje norske flyet på Luke AFB i juli 2016. Foto: USAF

4. august la den konservative amerikanske tenketanken Heritage Foundation fram ein rapport om F-35 som har vekka ein del interesse internasjonalt. Dei har intervjua 31 F-35-flygarar om erfaringa deira frå luftkamp i F-35, og bedt dei samanlikna den med dei flya dei flaug tidlegare. Her på bloggen har Morten Hanche allereie delt sine erfaringar med F-35 – og som denne rapporten syner, så er han ikkje aleine når han konkluderer med at F-35 vil klare seg godt i luftkamp.

I grafikken under er flygarane bedt om å vurdere korleis tidlegare fly som har kasta alt dei kan av last under vengene (våpen og drivstofftankar) klarar seg mot F-35 slik det er i dag. Det vil sei mot F-35 med dei restriksjonane dei framleis har (først og fremst at F-35 framleis må halde seg under 7g) fram til utviklinga er ferdig neste år.

BG-F35A-overview-chart-1-825Som du ser så er det berre F-15C, som er eit mykje større fly som er bygd spesielt for luftkamp, og F-16C, som er ein nyare versjon av F-16 enn det me har, som har fordelar samanlikna med dagens F-35. Det er likevel berre på nokre område, og F-35 har til gjengjeld store fordelar på andre områder – sjølv med restriksjonar. Samla er inntrykket at F-35, som venta, klarar seg godt mot eksisterande fly. Som ein av flygarane som vart intervjua om F-35 fortalde Heritage:

“Even pre-IOC, this jet has exceeded pilot expectations for dissimilar combat. (It is) G-limited now, but even with that, the pedal turns are incredible and deliver a constant 28 degrees/second. When they open up the CLAW, and remove the (7) G-restrictions, this jet will be eye watering.”

«Pedal turns» som flygaren snakkar om her er det same som Morten Hanche fortel om i sitt innlegg om nærkamp i F-35. Det kan du lese her, og heile rapporten frå Heritage finn du her.