AF-2 FLT 90 Over the Sea Test Range, California

Det fine med å jobbe med eit kampflyprogram er at det heile tida kjem nye bilete som me kan nytte til å fortelje meir om dei nye flya, og kva dei vil levere. I tida som kjem vil me legge ut fleire slike innlegg som trekk fram ting mange kanskje ikkje veit om F-35, og utviklinga fram til i dag.

Biletet over er det første i denne serien, og syner eit F-35 kjent som AF-2, og som høyrer heime på Edwards Air Force Base i California. Navnet AF-2 vil seie at det var det andre flyet av A-modellen som vart levert, og det er i dag ein del av den integrerte testflåten som det fleirnasjonale programmet nyttar i utviklinga av F-35. I dag er det til saman 20 fly i denne flåten (både A, B og C-modellar), og dei vert ofte kalla «SDD-fleet» då dei er del av SDD-fasen (System Development and Demonstration – «utviklingsfasen» på norsk). Desse flya er utstyrt med ei rekke måleinstrument som ikkje er i dei vanlege flya. Mange av dei har og eit «spyd» stikkande ut frå nasa, slik som AF-2, som igjen har fleire sensorar som fortel ingeniørane i testprogrammet korleis flyet oppfører seg i lufta.

AF-2 er og det F-35 som har flest flytimar bak seg, og er ofte kalla «workhorse», eller «arbeidshesten» på Edwards. Allereie i juni 2014 passerte flyet 1000 flytimar. Til samanlikning har det norske F-16-flyet med flest flytimar etter 30 år med drift rundt 7000 flytimar bak seg.

(Biletet er henta frå Code One Magazine, som er eigd av Lockheed Martin.)