Medan dei norske flya vert sett saman i USA, så skal Italia og Nederland sette saman flya sine i ein fabrikk som er sett opp ved den italienske flybasen Cameri utanfor Milano. I går rulla første F-35 ut frå denne fabrikken, og med det har og Italia fått sitt første fly, kjend som AL-1. Flyet manglar her enda «coatinga», og det grønne komposittskroget er godt synleg. Klikk «mer» for å sjå fleire bilete.