Fox newsEin av dei mest krevjande tinga å utvikle på F-35 er den nye hjelmen. Som Morten Hanche har skreve om før, så skal den gjere det mogeleg for flygeren å sjå gjennom flyet, og ha full oversikt over kva som skjer. Få sivile har fått prøve den, då det krev eiga klarering, men Fox News har ein journalist som før var kampflyger på F-18 Hornet (kjent som «Rhino») i det amerikanske marineinfanteriet (USMC) – og ho fekk prøve seg! Klikk bildet øvst i innlegget for å sjå reportasjen frå Fox!