Fly 3 og 4

10. november landa dei to første norske flya på Luke Air Force Base i Arizona. Dei to neste, som skal leverast i 2016, byrjar og å ta form i fabrikken til Lockheed Martin i Fort Worth. Slik såg dei ut sist veke. Me kan ikkje vise heile flyet då dei no er i gang med å installere mange av dei meir sensitive systema om bord, men her ser de senterseksjonen, vingeseksjonen og akterseksjonen på AM-3 og AM-4. Etter kvart vil det vere svært mange norske fly i produksjon i fabrikken – under kan du sjå korleis den norske produksjonsplanen er lagt opp.

Anskaffelsesplan smal