Medan me i Noreg hadde påskeferie var det «business as usual» i USA, og sist veke var det høring i den amerikanske kongressen om status i den amerikanske anskaffinga av F-35 – og noko av det som vart sagt her kan kanskje overraske nokre her heime!

Heile høyringa er på over ein time, med innlegg frå Michael Gilmore, leiar for DOT&E (dei som skriv den årlege test-rapporten om F-35) Michael Sullivan, leiar for avdelinga i GAO (den amerikanske riksrevisjonen) med ansvar for offentlige innkjøp, generalløytnant Bogdan, leiar for det fleirnasjonale F-35-programmet, og Sean Stackley, som er assisterande marineminister med ansvar for kjøp av materiell og utviklingsprogram for marinen (og den som for tida har ansvar for å følge opp F-35-programmet på vegne av den amerikanske regjeringa.)

Høyringa byrja med innlegg frå kvar av deltakarane i panelet, og under kan du finne lenkar til desse. General Bogdan byrjar mellom anna med å sei at han skal gje komiteen ei innføring i «the good, the bad and the ugly» om programmet, og er som alltid oppteken av å gje eit mest mogeleg balansert bilete av kva som skjer med F-35.

Etter innlegga var det ein runde med spørsmål frå komiteen, og det heile byrjar med eit svært interessant spørsmål frå komiteleiaren. Han spør alle i panelet etter tur om om det faktisk er eit alternativ å droppe F-35 og oppgradere gamle fly, slik fleire har teke til orde for, noko han sjølv meiner ikkje er så lurt. Kanskje overraskande for nokon så får han samme svar frå alle i panelet – ingen av dei meiner det er eit alternativ. Her kan du hoppe direkte til spørsmålet og høyre svara – absolutt verdt å få med seg om du er interessert i F-35!

Her er åpningsinnlegga frå panelet: