På dette biletet frå Eglin Air Force Base ser me F-22 nærast, med F-35 bak.
På dette biletet frå Eglin Air Force Base ser me F-22 nærast, med F-35 bak.

I går kveld traff eg ein tidlegare kollega frå Forsvaret som fortalde at det folk oftast spør han om rundt dei nye kampflya er kvifor me ikkje kjøper F-22 Raptor i staden for F-35. F-22 har fått ein nærast mytisk status som det kvassaste kampflyet som fins i dag, og mange tenkjer nok at dette er det me burde kjøpe. Det er nok likevel ikkje så enkelt – og her kjem tre grunnar til det.

#1 – Det er ikkje til sals

Den amerikanske kongressen har nekta å godkjenne eksport av flyet, og etter at berre 187 av dei var levert til det amerikanske luftforsvaret så stengde dei produksjonslinja i 2011. Om flyet i heile tatt var i produksjon, så kunne me altså ikkje kjøpe det, sjølv om me ville.

#2 – Me treng ting F-22 ikkje gjer like bra

F-22 var utvikla for å gjere ein ting – det det skal løyse oppdrag luft til luft, og sikre luftherredømme i operasjonar for amerikanarane. Sjølv om dei no har investert store summar i å oppgradere flyet, og på å gjere det i stand til å bere presisjonsstyrte bomber, så er det dette F-22 framleis er best på. Dette er og eit eksempel på den generelle utviklinga me ser, der få fly i dag vert nytta i berre ei enkel rolle. Det Noreg treng er ein maskin som er bygd for dette frå grunnen av, med fleire typar sensorar og våpen som kan løyse ei rekke ulike typar oppdrag, nett slik me har gjort med F-16. Dette har me skrive mykje om før, mellom anna her, her, og her.

#3 – F-22 bygger på eldre teknologi

Sjølv om F-22 er rekna som det første kampflyet av «femte generasjon» så er det mykje i F-22 som på mange måtar er «gammaldags» samanlikna med F-35. Mellom anna er datasystema av ein eldre type (amerikanarane må allereie no byrje oppgraderingar av desse) det har ikkje hjelmsikte, og teknologien bak lavsignaturen er eldre. Noko av det som er spesielt med teknologien i F-22 er dei kraftige sensorane, og måten flyet set saman all informasjonen for flygaren, og det er nettopp dette F-35 og skal kunne gjere, berre enda betre.

Det er ikkje tvil om at F-22 er eit utruleg kapabelt fly, og at det vil vere eit av dei leiande kampflya i mange år framover. Det er likevel ikkje eit alternativ for Noreg, og med F-35 får me eit fly som leverer (nyare utgåver av) mange av dei tinga som gjer F-22 så unikt, samstundes som det og kan gjere mykje som F-22 ikkje kan (mellom anna levere JSM.)