Foto: USAF
Foto: USAF

Dei som følgjer med på kva som skjer rundt F-35 har sikkert sett liknande bilete mange ganger før, men det er minst tre grunnar til at dette biletet som vart teke på Luke Air Force Base i går er historisk.

For det første – dette er den første heilnorske F-35-flyginga! Norsk fly med norsk flygar med norske bakkemannskap – det har aldri skjedd før!

For det andre – det er teke på dagen eitt år etter at det første norske flyet landa på Luke AFB, og eitt år etter at ein nordmann for første gang sette seg bak spakene i F-35 – og det på Luftforsvarets bursdag, 10. november. (Gratulerer med 72-årsdagen!) På det første året har norske F-35 vore på vingene 367 ganger frå Luke, og lagt bak seg til saman 543,74 timar.

Og for det tredje – flyet på biletet er AM-3 (#5110) som er det andre av dei to norske flya som måtte få reparert kjølerør i vingene etter at det vart oppdaga feil på isolasjonen rundt dei. AM-4 var på vengene igjen sist fredag, og etter at AM-3 gjorde det samme tirsdag denne veka så er begge dei norske flya no i gang med treninga igjen.

AM-4 var på vengene igjen fredag 4. november. Foto: USAF
AM-4 var på vengene igjen etter reparasjonane allereie fredag 4. november. Foto: USAF

Eitt år inn, og eitt år før dei første flya landar på Ørland, så har me teke store steg framover!