Morgon i sentrum av Fort Worth.
Morgon i sentrum av Fort Worth.

Fire månadar etter at me markerte at det første norske flyet var ferdig er eg tilbake i Fort Worth, denne gong for å møte andre kommunikasjonsfolk som jobbar med F-35 innan dei ulike partnerlanda. Her er det mellom anna italienere, australiere, britar, og ei rekke amerikanarar som gjennom dei neste dagane skal ha møter om ei rekke viktige tema knytta til F-35.

Så kva snakkar kommunikasjonsfolk om når me kjem saman i slike møter?

Det me skal snakke om denne gang er til dømes korleis informasjonsflyten vil vere når ulykka først er ute (noko me må vere førebudd på – kampfly vert aldri 100% trygt.) Me skal trene og fly saman, og skal flyge flya til kvarandre. Difor kan det godt vere at ei ulykke vil involvere meir enn eitt land, og då må me vere samde om korleis dette skal fungere. Me skal og diskutere reglane for å ta bilete og video av flya. Målet er at me alle skal ha nokonlunde dei same reglane, noko som vert viktig no som dei første flya snart skal leverast utanfor USA. Og endeleg skal me snakke om flyshowa i Europa i sommar der F-35 skal vere med, og kva planar som er lagt for det.

Eit anna spanande punkt på programmet for meg er å besøke fabrikken, der fly 3 og 4 for Noreg byrjar å ta form – eg håpar at dei er komne så langt i bygginga at det er råd å få med seg nokre nye bilete heim som me kan dele!